Ny leiargruppe i Jernbaneverket

Frå og med 1.april 2014 er det gjort endringar i Jernbaneverket sin organisasjon. Målet er ein enklare og meir tydeleg organisasjon.

Jernbaneverket har skipa effektiviseringsprogrammet "Enkelt og effektivt Jernbaneverk". Målet er å få meir jernbane igjen for pengane gjennom ein rad åtgjerder og der ein enklare organisasjon med færre beslutningsnivå og tydelegare ansvar er ein av desse. Frå 1.april er den nye organisasjonen verksam. Her er Jernbaneverket si leiargruppe:

Elisabeth EngerJernbanedirektør
Gunnar LøvåsAssisterende jernbanedirektør
Gorm FrimannslundInfrastrukturdirektør
Bjørn KristiansenTrafikkdirektør
Anita SkaugeDirektør Strategi og samfunn
Jørn JohansenDirektør Styring og organisasjon
Rannveig Hiis-HaugeSikkerhetsdirektør
Svein HorrislandKommunikasjonsdirektør

Organisasjonskart f.o.m 01042014