Klart for planlegging på Jæren

Regjeringa ber nå Jernbaneverket planleggje dobbeltspor på Jærbanen frå Sandnes til Nærbø. Arbeidet med kommunedelplan skal startast opp i 2014.

Dobbeltsporet på Jæren skal nå planleggast vidare sørover frå Sandnes. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>
- Passasjertala på Jærbanen mellom Stavanger og Sandnes har stadig auka.  Folkeveksten og transportveksten i Stavangerområdet dei komande åra gjer det naudsynt å uvikle Jærbanen vidare, sier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.  Jernbaneverket skal ta fatt på denne oppgåva i 2014. Arbeidet med kommunedelplan er viktig for å leggje rammene for framtidig bustads- og næringsutvikling ved knutepunkta på strekninga Sandnes - Nærbø.

Ved å starte planlegginga no, vil Samferdselsdepartementet ha eit godt grunnlag for å vurdere denne banestrekninga i samband med framlegginga av Nasjonal transportplan 2018-2027. 

Samferdselsdepartementet opplyser i ei pressemelding at det skal takast stilling til vidare arbeid med strekninga Nærbø – Egersund når arbeidet med kommunedelplanen på strekninga Sandnes – Nærbø har kome eit godt stykke vidare. Dette planarbeidet vil gi viktige innspel for den framtidige utviklinga av togtilbudet sør for Nærbø.
Frå Nærbø stasjon. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>