Jernbaneverket trekker tog forbi Hønefoss

Etter gårsdagens uhell og straumbrot på Hønefoss har Jernbaneverket Transport sitt diesellok trekt tog i båe retningar forbu brotet. -Det går i eitt og vi held trafikken i gang, fortel lokførar Amund Rasten i Jernbaneverket.

Jernbaneverket Transport trekker her tog 62 forbi Hønefoss tirsdag morgen.  <strong> Foto: Amund Rasten </strong>
 
Det vart store skader på kontaktleidningsanlegget på stasjonen etter at et ei godsvogn i går spora av under skfiting og traff masta til eit åk for kontaktleidningsanlegget.

-Det fungerer eigentleg veldig greit å få toga forbu staden, fortel Rasten. Jernbaneverket sitt MZ-lok, for øvrig eit lok innleid frå Baneservice, trekkjer toga frå stasjonaneTyristrand og Hval til Veme. Både godstog og persontog blir trekt over på denne måten. -Nokre forseingar blir det, men vi heldr trafikken i gang, seier Rasten. MZ-loket vil ha fullt opp å gjere til utpå ettermiddagen tirsdag da ein vonar å få opna eitt spor for elektrisk drift forbi Hønefoss att.