Godstogavsporing på Eidsvoll

Eit godstog spora i natt av på den nordlege delen av Eidsvoll stasjon. Avsporinga fører ikkje til problem for øvrig togtrafikk.

- Avsporinga har skjedd på eit område der vi kjem forbi på nabospor slik at dette ikkje er til hinder for normal trafikkavvikling, seier Tom Wenger i Jernbaneverkets trafikkdivisjon. Det er ein del materielle skader på både spor og togmateriell. Ei av vognene står på skrå tett inntil ei kontaktleidningsmast slik at berginga nok vil ta litt tid, seier Wenger.

Statens havarikommisjon for transport undersøker årsaka til avsporinga.
Godstoget sporet av på den nordlige delen av Eidsvoll stasjon og er ikke til hinder for andre tog. <strong> foto: Hilde Lillejord </strong>