Full aktivitet på Voss stasjon

Det har vore ein del skjer i sjøen i samband med moderniseringa av Voss stasjon. Undervegs har det skjedd planendringar som har ført til forlengd byggjetid og auka kostnader, men no går ombygginga av stasjonen for fullt.

Brei, lang mellomplattform til spor 2 og 3, gjerding mellom spor 1 og 2 pågår. <strong> Alle foto: inge Hjertaas </strong> 
Det var den 8. september 2011 at samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa stod for den offisielle opninga av fornyingsarbeidet. Prosjektet har ei lang forhistorie. Voss stasjon er ein av dei mest trafikkerte stasjonane på Bergensbanen. I tillegg til den daglege pendlartrafikken er det stor turist- og helgetrafikk. Kryssing på planovergang for å koma til plattform til spor 2 og 3 var derfor lite framtidsretta.

Når stasjonen er ferdig ombygd, får vi tre spor til plattform. Frå hovudplattforma er det samband til spor 2 og 3 med ny mellomplattform via undergang med trapp og heis. Undergangen, som vart tatt i bruk i vinter, går under alle spora, og erstattar dermed også den tidlegare overgangsbrua som fotgjengarane kunne bruka for å kryssa stasjonen planskilt. Mellomplattforma får overbygg, og eit lite venterom ved heisen.

Mellomplattforma er snart klar til å ta i mot dei reisande.

Alt blir nytt

Kontaktleidningsanlegget er fullstendig fornya. Det var frå Hardangerbanas opning i 1935, medan Vossebanen først vart elektrifisert i 1954. Signalanlegget er ombygd og tilpassa nye sporarrangement, kan prosjektleiar Anders Sirevaag fortelja. -Arbeidet som går føre seg no, omfattar bygging av tak over heishus og trappeløp på mellom- og hovudplattform, ferdigstilling av heissjakter og installasjon av heis, pluss montering av belysning, høgtalarar, informasjonsskjermar og anna teknisk utstyr. Det har også blitt utført overflatearbeid i undergangen, flislegging og legging av steinbelegg på golv og i trapper, og maling av veggar og tak. Arbeidet på mellom- og hovudplattform har pågått intensivt frå i haust medan mellomplattforma har vore stengd for bruk. Frå ruteendring 14. desember skal delar av mellomplattforma igjen takast i bruk til persontrafikk. Endeleg ferdigstilling av desse områda er i mars 2015, avsluttar Anders.

I tillegg til arbeidet på sjølve stasjonsområdet, blir det gjort ein del tiltak mot kringliggjande område. Dette skuldast flytting av bortsettingsområdet, og det blir etablert støyskjermar mot naboar både sør og nord for bortsettingsspora.