Enorme vassmengder i vest

Bergensbanen er stengd mellom Bulken og Dale på grunn av enorme vassmengder etter rekordnebøren dei siste dagane. Det er nå 200-års-flaum. Også Flåmsbana er stengd.

Ved Bolstad kan ein så vidt sjå jernbanen ute i alt vatnet. <strong> Alle foto: Jernbaneverket </strong>

- Elva Vosso nådde ein flaumtopp like etter midnatt og det er ikkje forsvarleg å køyre tog på strekninga før vannstanden synker, seier områdedirektør Tony Dæmring i Jernbaneverket vest. Jernbanen vert utsett for store påkjenningar som følgje av alt vatnet både i hovud- og sideelvene og vi følgjer situasjonen nøye. Det er nå klårt at vi har det som vert karakterisert som ein 200-års-flaum, det vi seie at det statistisk sett går 200 år mellom kvart gong vi vert utsett for så store vassmengder.
- Når vannstanden synk, må  vi sjekke heile strekninga før vi  kan få i gang trafikken, seier Dæmring. -Så langt ser det ikkje ut til at  flaumen har ført til veldig store skader på Bergensbanen, men vi har ikkje fullt oversyn før  vannstanden synker og heile strekninga er visitert. Området ved Bolstadøyri ser ut til vere der det er aller mest vatn.

Da er situasjonen mykje verre på Flåmsbana. Der har vassmengdene ført til skader på banen i nedre del av dalen. Jernbanefyllinga fungerer fleire stader som "demning" og det er fare for utgliding og ras. Oversyn over situasjonen får ein ikkje før vatnet trekkjer seg attende.

Inntil vidare går Bergensbanens persontog mellom Oslo og Ål, med bussforbindelse til Geilo og Ustaoset.

Enorme vassmengder trugar infrastrukturen.

Det er avgjerande at elvene kan passere uhindra under bane og veger.