Ekstra millionar til jernbanen i nord

Regjeringa vil nytte 64,5 millionar meir på Nordlands- og Ofotbanen i år og neste år. Pengane går til kryssingsspor, profilutvidingar og en ny haldeplass.

Jernbanen er viktig for næringslivet i Nord-Norge. Her er Artic Rail Ekspress (ARE) -toget i Narvik. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>
Det er som ei følgje av at ordninga med lågare arbeidsgjevaravgift for næringslivet i Nord-Norge er endra at regjeringa vil satse meir på infrastruktur i nord. Nye EU-reglar har ført til at den gamle ordninga med lågare arbeidsgjevaravgift måtte endrast. -Vi ynskjer å nytte dei de auka inntekta som staten får på åtgjerder som næringslivet i Nord-Norge sjøl har  ønska. Derfor kjem det nå ekstra pengar til både veg og bane i nord, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Ofotbanen
Ofotbanen får 20 millionar kroner meir i 2014 og 10,5 millionar meir i 2015. Pengane skal i år nyttast på flere mindre tiltak for å gjere banestrekninga frå Narvik til Sverige meir robust mot tekniske feil og klimaverknader. Det blir óg gjort tiltak på Narvik godsterminal og verkstadområdet etter ynskje frå togselskapa og terminaloperatørar. I 2015 skal det fgjerast profulutvidingar i to tunnelar på Katterat kryssingsspor. Profilutvidingane er naudsynte både for å få plass til eit nytt kontaktleidningsanlegg og for å kunne oppfylle krav til lasteprofil i den trångaste tunnelane. Det skal óg monterast ein akustisk alarm som skal varsle om varmgang i toghjula.

Nordlandsbanen
Nordlandsbanen får 24 millionar kroner meir i år og 10 millionar meir i 2015. Pengane skal nyttast til forlenging av kryssingssporet på Oteråga stasjon frå 290 til 600 meters lengde. Dette vil gje betre kapasitet for godstrafikken på banen. Samstundes skal det byggjastplattform og fasilitetar for persontrafikk på Oteråga. Stasjonen ligg rett ved Forsvarets sitt anlegg på Reitan med mange arbeidsplassar.