Dovrebanen stengt Eidsvoll - Tangen

Dovrebanen er stengt ved Strandlykkja stasjon etter at eit arbeidstog spora av natt til måndag.

   
Det er store skader på spor og kontaktleidning på Strandlykkja etter at eit pukktog spora av under skifting på stasjonen.

Dovrebanen er derfor stengd frå Eidsvoll til Tangen inntil undersøkingarr på staden er gjort og skader på sporet reparert.

NSB køyrer buss for persontoga på strekningen frå Eidsvoll til Tangen.