CargoNet aukar på Nordlandsbanen

Frå midten av september sett CargoNet inn fleire tog på Nordlandsbanen. Eit nytt togpar frå Trondheim til Fauske med samband til og frå Oslo vert sett inn.

-På denne måten så kjem vi signal frå både kundar og fra næringslivet i møte . Dei ynskjer fleire avgangar og betre kapasitet på strekningen, seier direktør i CargoNet, Arne Fosen. Dersom tilbudet blir godt motteke vil selskapet vurdere å auke kapasiteten enda meir på Nordlandsbanen, sier han.

Det nye togparet vil få avgang nordover frå Trondheim kvar tirsdag kveld, med retur sørover frå Fauske onsdag ettermiddag. –Med gode samband til og frå Oslo håpar selskapet å fylle toga med daglegvarar og forbruksvarar nordover og med fisk sørover. Det nye togparet tyder ei auke på 54 containerplassar på Nordlandsbanen i veka.

Det blir flere godstog på Nordlandsbanen fra midten av september. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>