Byggjer nye Ulriken tunnel med tunnelboremaskin

Dette markerar starten på ei ny tid i jernbanebygginga i Norge, seier assisterande jernbanedirektør Gunnar G. Løvås. Eit arbeidsfelleskap mellom Skanska Norge AS og austerrikske Strabag AG er innstilt til hovudkontrakta på eit av dei største byggeprosjekta på Vestlandet.

 Tunnelboremaskin for fullprofilboring.
Nye Ulriken tunnel frå Arna til Fløen i Bergen blir den første jernbanetunnelen i Norge som skal drivast med tunnelboremaskin.
Kontrakta har ein verdi på 1,3 milliardar, og tunnelboremaskinen som skal nyttast vil ha ein diameter på 9,3 meter. Dette er den største TBM-maskinen som til nå har vore nytta til ein samferdselstunnel i Norge.

Jernbaneverket valde ved utlysninga av kontrakta ein utradisjonell modell der entreprenørane fekk velge om dei ønska å drive ut den 7,8 km lange tunnelen frå arna til Fløen i Bergen ved hjelp av tradisjonell sprenging eller ved bruk av tunnelboremaskin (TBM). Det er første gong Jernbaneverket har latt det vere opp til marknaden å velgje drivemetode, og det har vore knytta stor spenning til kva for ein metode som ville kome best ut.

Interessa for kontrakten har vore stor og ein fekk inn heile 11 tilbod.  Fleire av entreprenørene ga og tilbod på begge drivemetodane.

Jernbaneverket er godt nøgd både med konkurransen og med JV Skanska Strabag sitt tilbod som peika seg ut som det klårt meis gunstige.
- Det er interessant for oss å konstatera at det er tunnelboremaskin som kjem best ut i konkurransen, seier assisterende jernbanedirektør Gunnar Løvås. - Dette tyder på at vi har valgt rett strategi for Follobanen som og  skal drivast med TBM.

Kontaktpersoner:
Assisterende jernbanedirektør Gunnar G. Løvås
Tlf. 913 40 699
E-post:
lovagu@jbv.no


Prosjektdirektør Stine Undrum
Tlf. 975 29 310
E-post:
unst@jbv.no

Prosjektleder Hans-Egil Larsen
Tlf. 474 76 616
E-post:
larsha@jbv.no

Kommunikasjonsrådgiver Ingvild Eikeland
Tlf. 982 49 707
E-post:
eiking@jbv.no