Bergensbanen:Opna etter skader på kontaktleidningen

Bergensbanen blei opna att på heile strekninga frå Voss til Arna ved 20-tida torsdag kveld. Reparasjonsarbeida etter at eit tog reiv ned kontaktleidningen onsdag kveld vart meir omfattande enn det såg ut for.

Reparasjonsarbeidet  i Trollkonatunnelen ved Dale vart ferdfig ved 14-tida, og da sto det att å reparere skadene ved Songstad  tunnel mellom Trengereid og Arna.    -Bærelina var på plass på staden, mens sjølve leidningen ligg nede i sporet, opplyste banesjef Bjørn Skauge.  Det gjekk altså eit døgn før alle skadene etter hendinga var feridig reparerte.

Det var onsdag kveld ved 20-tida at eit lokaltog reiv ned kontaktleidningen om lag 300 meter inne i Trollkonatunnelen ved Dale. Togsettet måtte trekkjast ut før passasjerane kunne gå av toget. Ved fjerninga av togsettet oppsto det ytterlegare skader på kontaktleidningen.

Kontaktledning i sporet ved Songstad. Foto: Otto Berntsen