Bergensbanen opna forbi Hønefoss

Bergensbanen er opna ved Hønefoss stasjon etter ei avsporing måndag. Toga vert trekte med diesellokomotiv over Hønefoss stasjon fram til også straumledningane er reparert.

(Oppdatert tirsdag morgon)
Ei godsvogn spora måndag føremiddag av på stasjonsområdet i Hønefoss og råka ei mast for kontaktleidningen. Denne masta heldt oppe leidningane for fleire spor og det tek tid å få alt reparert etter skadene.
Spora på stasjonen var klare for trafikk att natt til tirsdag, og toga vert inntil vidare trekte forbi Hønefoss med diesellok frå stasjonane Tyrostrand og Hval til Veme.   Det var ei vogn for transport av bilar som spora av. Ingen personar er skadde i hendinga. Årsaka til det som skjedde er ikkje klar.

Sjå www.nsb.no for infomasjon og trafikkavviklinga.