Bergensbanen opna att måndag morgon

Frå klokka 04 måndag morgon er Bergensbanen open for trafikk att mellom Voss og Dale. Store mengder stein er køyrd inn langs elva etter 200-årsflaumen.

Store mengder stein er fylt ut mot elven på strekningen Bulken - Evanger. <strong> Foto: Ove Madsen </strong>
Etter iherdig innsats gjenom heile helga var Bergensbanen sundag kveld nesten klår for å opne att. -Det einaste vi nå har att er pakking av sporet der flaumen har gjort det naudsynt, seier prosjektleiar Karl Morten Undal. Dette gjeld ved den 710 meter lange Ho tunnel der elva gjekk gjenom jernbanetunnelen. Folk frå Jernbaneverket og entreprenøren Spilde AS har bygd opp ei steinfylling langs elva Vosso på strekninga frå Bulken til Evanger. I tillegg er kabelkanalen og fleire kontaktleidningsmaster brakt tilbake på plass og det er tilført pukk i sporet.

12 lastebilar og sju gravemaskiner har vore i sving samstundes, for uten skinnegåande arbeidsmaskiner. -Arbeidet har gått etter planen og når pakkinga er ferdig, er alt klårt, seier Undal sundag kveld.

<strong> Foto: Ove Madsen </strong>