Beilhacken redder Sørlandsbanen

For å hjelpe til med snørydding på Sørlandsbanen er nå den eine av Bergensbanens store Beilhack-fresere frå høgfjellet sendt sørover. Snøværet i sør held fram og det er størst utfordringar i skjæringane sidan dei vert fylt opp med snø.

Beilhack'en på Neilaug stasjon natt til torsdag 30.januar. <strong> Foto: Olav Inge Vindholmen </strong>
-Det er nok Beilhacken som reddar oss nå, seier Edmund Birkeland på Sørlandsbanen. I natt hadde han driftsvakt på strekninga frå Herefoss til Sira. –Utan Beilhacken er eg redd for at heile Sørlandsbanen nå hadde snødd ned, seier han. Sist natt rydde den store fresaren frå Bergensbanen både Sørlandsbanen og Arendalsbanen.

Torsdag nærmar snødybda på Nelaug målestasjon seg 1,5 meter, men det er også betydeleg meir på enkelte andre stader i Indre Agder og Telemark. –Det er på strekninga frå Kristiansand til Nordagutu at det har kome mest snø, og sist natt kom det nye 40 centimeter, fortel Birkeland. Der jernbanelina går i skjering rasar snøen attende i sporet etter brøyting med plog og det er difor viktig å få kasta snøen heilt ut av profilet. Også på stasjonane  og særleg ut mot sporvekslane er det viktig å få kasta vekk snøen slik at toga kan møtast.

-Det er virkelig flinke folk som betjener maskinen og saman med lokalkunnskapen som våre kjentfolk på Sørlandsbanen har så har ryddinga med den store maskinen gått veldig bra så langt, sier Birkeland.  

Snø måkes ned av maskinen etter ankomst Krossen i Kristiansand torsdag 30/1. <strong> Foto: Edmund Birkeland </strong>

Her kan du se flere opptak fra snørydding på Sørlandsbanen natt til 30. januar 2014: