Åtvarar mot kiting nær jernbanen

Jernbaneverket åtvarar kiterar på høgfjellet mot å kome nær jernbanespor og kontaktleidning. Hald god avstand til frå jernbanelinja, kontaktleidningen fører straum med 15 000 volt spenning.

Det åtvarast mot kiting nær jernbanelinja. <strong> Foto: jernbaneverket </strong>

Jernbaneverket åtvarar kvar vinter skiløparar mot farleg og ulovleg ferdsel over jernbanesporet på høgfjellet. Trass i dette skjer det framleis at skiløparar krysser linja på stader der ikkje er lagt til rette for dette. Nå vil Jernbaneverket også åtvara kiterar, folk som nyttar skisegl, mot å kome for nær linja. Snorer og skisegl i kontaktleidningsanlegget kan vere livsfarleg og kan samstundes føre til langvarig driftsstans på jernbanen.

- Sjølv om "syndaren" sjøl ikkje skulle kome til skade, må kjørestraumen koplast ut, leidningen jordast og fagfolk med spesialvogn tillkallast for å klippe ned ned som heng i leidningen, seier kommunikasjonssjef i Jernbaneverket vest, Inge Hjertaas.

På stasjonana på høgfjellsstrekninga vil ein finne plakatar og brosjyrar med meir informasjon. -  Hald avstand til sporet og god tur til fjells!