-Korleis utvikle Gjøvikbanen?

Regjeringa ber Jernbaneverket vurdere kva som må til for å få meir trafikk på Gjøvikbanen. Nye tog, fleire tog, kryssingsspor og trasebetringar er mellom tiltaka som skal sjåast på.

Det er store utviklingsmuligheter langs Gjøvikbanen, mener Regjeringen. Her fra Nittedal stasjon.  <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>

Vurderingane skal skje raskt, allereie innan 30. november vil Regjeringa ha svar på kva for tiltak som kan vere aktuelle for å få eit betre togtilbod på Gjøvikbanen.
- Omlandet til Gjøvikbanen har store tilgjengelege arealer som kan ta sin del av befolkningsveksten på Austlandet. Det er óg positivt at stasjonane ligg sentralt plassert i tettstadene på strekninga frå Oslo til Gjøvik. Men for å gjere det attraktivt for folk å flytte til områda rundt tettstadene, er det nudsynt med et betre togtilbod. Vi vil derfor ha ei grundig vurdering av kva som er mogeleg å gjere for å betre togtilbodet på Gjøvikbanen, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

 Jernbaneverket skal mellom anna sjå på:
•behov for nye tog, mellom anna om det er mogeleg med to-etasjes vogner
•behov for utbetring av infrastrukturen, til dømes fleire og lengre kryssingsspor
•mogelege løysingar for å auke frekvensen på banen

Jernbaneverket skal óg vurdere om konkurranseutsetjing av persontrafikken på Gjøvikbanen bør skje som i dag, det vil si som ein enskild strekning, eller om banen sitt trafikktilbod kan vere betre tent med at denne konkurranseutsettinga skjer som ein del av ei større pakke. Som kjent er Gjøvikbanen den einaste strekninga der persontrafikken allereie er satt ut på anbod. Avtalen staten har med NSB Gjøvikbanen gjeld ut 2017.

Sjå óg: Regjeringa sitt oppdragsbrev til Jernbaneverket