Videostatus frå Vestfoldbanen

Holm-Nykirke, Farriseidet-Porsgrunn og Arna-Bergen er tre store prosjekt under same organisasjon med hovudsete i Tønsberg. Her får du ein status på alle tre prosjekta.

Frå starten av 2013 blei prosjektet Arna-Bergen underlagt Prosjektdirektør, Stine Ilebrekke Undrum, i Vestfold. Dermed sit ho nå ved roret på heile tre store utbyggingsprosjekt.

To av prosjekta, Farriseidet-Porsgrunn og Holm-Nykirke, er i full produksjon og planleggjast for ferdigstilling i  2018 og 2015/2016, medan Arna-Bergen er planlagt ferdig i 2020.

Gjennom heile byggeprosessen på prosjekta vil det bli laga videoar frå ulike milepælar og statusoppdateringar. Her kjem ei oppdatering per januar 2013.

Klikk på youtube-ikonet (plassert nede til høyre) i avspiller-vinduet om du ønsker å bruke kommentar-feltet på Youtube.