Sørlandsbanen er opna igjen

Ca. kl. 19.30 fredag kveld reiv eit godstog ned kontaktleidningen mellom Helleland og Ualand på Sørlandsbanen. Reparasjonsarbeidet vart omfattande, men strekninga vart opna for trafikk att kl. 17.30 i kveld. Sidan skaden skjedde, har regiontoga vore erstatta med buss mellom Moi og Stavanger.

Kontaktleidningen vart riven ned over ei lengd på 800 meter, desutan gjekk fire kontaktleidningsmaster i bakken.

Då Jernbaneverket sitt elektropersonale kom fram til skadestaden, var det først ein omfattande ryddejobb som måtte gjerast. Godstoget måtte frigjerast frå nedriven kontektleidning og andre komponentar, før toget kunne trekkjast vekk og sjølve reparasjonsarbeidet kunne ta til.

Elektroformann Frode Djuphagen er ein av dei som har brukt det meste av helga til å få kontaktleidningsanlegget driftsklart att. Kl. 13 i dag kunne han melda at arbeidet var i sluttfasen, og at det såg ut til at trafikken kunne gå som normalt att frå i kveld. -Korleis var det å kalla ut folk på jobb fredag kveld, då dei alt var komne heim og Taco-grytene stod og putra? Dei var svært velvillige, svarar Djuphagen. Vi har også kalla inn folk frå Kristiansand, og klart å rullera på personalet slik at jobben har gått kontinuerleg, personalet fortener absolutt honnør for innsatsen.