Sliper spor i Oslo-området

Jernbaneverket skal i løpet av mars og april måned slipe sporvekslane i skinnegangen på fleire stader i Oslo-området.

Sporvekselslipinga vil fgå føre seg på strekninga mellom Oslo S og Brynsbakken og på Sandvika stasjon, Lillestrøm stasjon og Kløfta stasjon. I tillegg skal det  slipast inne i Skaugumtunnelen.

Dette er et tiltak Jernbaneverket gjer for å redusere støyen frå togskinnene når toga passerar. Dette fører til at naboane i området kjem til å merke mindre til toga, etter at sporvekslane er slipne.

-Like etter slipinga kan lyden frå toga opplevast som litt annleis enn vanleg, men etter nokre dagar vil omgjevnadene oppleve mindre støy frå togtrafikken enn før slipinga, seier byggeleiaer i Bane Øst, Odd Albert Nygård.

Sliping  betrer kvaliteten på sporet og auker levetida til skinnene.

Slipetoget beveger seg med ei fart på cirka 6 km i timen og køyrer over vekslane mellom 10 og 12 ganger per arbeidsnatt. 

Når og kor sliper vi?

  • Oslo S – Brynsbakken 17. – 27. mars og 2. – 4. april.
  • Sandvika stasjon 13. – 17. mars
  • Lillestrøm stasjon 5. – 11. april og 18. 21. april
  • Kløfta stasjon 11. – 14. april

Arbeidet vil i hovudsak gå føre seg mellom klokka 20.00 og 06.00.