Rutinekontrollar på Drammen- og Askerbanen

Laurdag 9.februar frå klokka 13.00 stengjer Drammen- og Askerbanen i 24 timar på grunn av vedlikehaldsarbeid.

Denne helga held Jernbaneverket fram arbeidet med rutinekontroll av kontaktleidningsanlegget i Lieråstunnelen. Det vil og bli gjort ytterlegere arbeid med fjellreinsk og vedlikehald av naudlysa i tunnelen, samt med nytt seksjonsfelt på Lierstranda.

-Kontrollane av kontaktleidningsanlegget gjrr at vi kan utbetre potensielle svakheiter før dei fører til feil, og det vil gjere anlegget meir stabilt, seier sporkoordinator Knut Ole Kristoffersen.

For å sjå korleis dette påverker dine tog, sjå NSB og Flytogets heimesider