Rekordoverskot for NSB

NSB-konsernet fekk i 2012 eit overskot på 1,18 milliardar kroner. 53,8 millionar passasjerar reiste med NSB sine tog i fjor.

NSB har bestilt til sammen 66 slike nye togsett. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong> 

-Rekordoverskotet føre skatt på 1181 millionar kroner skal brukast til å forbetre tilbodet i form av nye tog og nye bussar, seier konsernsjef Geir Isaksen i NSB. NSB har tinga til saman 66 Flirt-tog og har opsjon på ytterlegere 84 tog. – Dette er heilt naudsynt for å ta unna den trafikkveksten som kjemr og samstundes skifte ut dei eldste toga våre, seier Isaksen.

NSB fekk 1,3 millionar fleire passasjerar i fjor og persontoga fekk eit overskot føre skatt på 382 millionar kroner mot eit underskot på 4 millionar i 2011. Eigedomsverksemda ga eit overskot på 835 millioner, mot 493 millionar i 2011. Godstrafikken (CargoNet) fekk eit underskot på 70 millionar kroner, men likevel ei betring frå 202 millionar i minus året før. Bussverksemda i Nettbuss gjekk med 5 millionar i underskot i 2012.