Overveldande respons på leverandørmøte

Interessa for Bane Energi sitt leverandørmøte var så stor at møtet måtte flyttast til større lokaler.

I dag arrangeres Bane Energi sitt årlege leverandørmøte for banestraumforsyning på Oslo Kongressenter. Opprinneleg var møtet planlagt heldt i Jernbaneverket sine eigne lokaler, men det var så mange leverandørar som ville bli orientert om Jernbaneverket sine planar, at møtet måtte flyttast til vesentleg større lokaler. Nytt av året er at også Bane Vedlikehald legg fram sine planar for KL-fornyingar.

– I fjor var det 65 deltakarar på leverandørmøtet, i år er det ei tredobling til ca. 180 deltakarar, fortel seniorrådgiver Lars Kristian Bjørløw. – Vi er naturlegvis glade for den store interessa. Det er ein god del firmaer frå den nordiske marknaden, men her er og firma frå Italia, Portugal og Tyskland, seier Bjørløw.

Banestraummforsyning for seks milliardar kroner


Temaet på årets leverandørmøte er i tillegg det elektroniske verktøyet for konkurransegjennomføring KGV, nye kontraktsmaler for JBV og naturlegvis vedlikehalds-/ fornyings- og investeringsprosjekt for omformarar og KL, som skal gjennomførarst i åra fram til 2023.

Jernbaneverket Bane Energi planlegg i perioden 2013-2023 å gjennomføre omformerprosjekt for over 3,5 milliardar kroner. Jernbaneverket Bane Vedlikehold planlegg i same periode å gjennomføre KL/AT-prosjekt for 2,4 milliardar kroner.