Ny teneste for varsling av jordskred

Ei ny landsdekkande varslingsteneste som fortel om fare for jordskred er nå lansert. Tenesta gjev oversyn over skredfare ved hjelp av fargekoder og slik kan åtgjerder settjast inn tidlegere enn før.

Varslingstenesta for jordskredfare omfattar jordskred, flaumskred, utglidningar og sørpeskred, men ikkje kvikkleireskred og steinsprang. Ei vurdering av jordskredfare gvert gjort minstt to gångar dagleg, og blir synt fram som ei prognose for dei neste tre dagane. Varsla fin du på varsom.no , saman med snøskred- og flaumvarslar.

Samstundes er óg flaumvarsla flytta over på varsom.no . Grensene for flaumvarslingsnivåa er ikkje endra, men dei vert óg presentert på ein ny måte, basert på fargekodar for aktsomheitsnivå.

Varslinga
Tenesta er landsdekkjande og operativ på alle årets dagar. Varsla beskriv aktsomheitsnivå for eit større område, for eksempel ei gruppe av kommunar. Det blir nytta eit fargeskalasystem som syner grad av aktsomheitsnivå for ulike regionar. Det er definert fire aktsomheitsnivå (grønt, gult, oransje og raudt) med informasjon om mogeleg skadeomfang. Raud farge tyder høgaste farenivå og indikerer meget stor fare for jord- eller flaumskred, og dermed er stor grad av aktsomheit naudsynt.

Teenesta er utvikla og driftast av Norges vassdrags- og energidirektorat i samarbeid med Meteorologisk institutt, Statens vegvesen og Jernbaneverket.

Illustrasjonsbilete frå Dovrebanen i juni 2013. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>