Nordlandsbanen stengt Trofors - Mosjøen

OPPDATERT mandag 4. mars kl. 13: Nordlandsbanen er framleis stengt frå Trofors til Mosjøen. Det arbeides for ei opning snarast råd og prognosane tilseier ei mogeleg opning mandag kveld.

Vannet ved denne løsmassefyllingen nord for Trofors tar med seg masse fra fyllingen når det trenger gjennom.-

Ny prognose for opning mellom Trofors og Mosjøen er mandag kveld 4. mars.

Etter uvær, ras og flaum blei det registrert skader på underbygninga på to stader mellom Trofors og Mosjøen. Den eine er like nord for Trofors, den andre like sør for Eiterstraum.

Ved Eiterstraum starta utbetringsarbeida allereie før helga med å byte ut gammal fyllmasse med sprengtstein. Ved Trofors måtte fyllinga tørke opp meir før tilstanden kunne fslåas fast.

Så lenge Nordlandsbanen er stengt på ein strekning vil passasjerane bli frakta i buss.  

Gods
CargoNet har innstilt avgangane mellom Trondheim og Bodø, men køyrer ekstratog til Narvik.