NTP 2014-2023: Regjeringa vil ha dobbeltspor Bergen-Arna og Ringeriksbanen

I komande Nasjonal transportplan set regjeringa av 5,2 milliardar kroner til utvekling av Bergensbanen. Dette inneber at det i NTP-perioden 2014-2023 blir byggjing av dobbeltspor frå Bergen til Arna og oppstart på Ringeriksbanen.

3,2 milliardar vert sett av til dobbeltspor frå Bergen til Arna. I tillegg skal det brukast pengar på å ruste opp Vossebanen. I statsbudsjettet for 2013 blei det  bevilga 50 millionar for oppstart av tunnelen gjennom Ulriken.

Illustrasjon: Ringeriksbanen ved Skaret.1,5 milliardar  vert sett av til Ringeriksbanen. Mogeleg byggjestart på den lenge omtala jernbanestrekninga frå Sandvika til Hønefoss blir i planperiodens andre del, i 2018.

Opprustinga av Vossebanen vil, i følgje regjeringa, kome i siste del av planperioden. Her vert det sett av 600 millionar kroner.