Meråkerbanen stengd

Trafikverket tar ingen sjanser og stengjer Meråkerbanen på svensk side på ubestemt tid. Årsaka er rørelser i grunnen under banen.

Meråkerbanen blei stengd mellom riksgrensen og Storlien i går. På eit møte i Trafikverket Mitt torsdag blei det bestemt å stengje banen på ubestemt tid. Første arbeidsoppgåve for deira del, er å få inn geoteknikarar og setje ned ei ekspertgruppe for å lage ein  plan for åtgjerder.

For dei lokalkjende er den aktuelle staden fyllinga som megetsigande går under namnet 'Stora Helvetet'. Dette er ei fylling på 20-30 meters høgde.

- Denne fyllinga har vore ustabil over fleire år. Vi har hatt ho under oppsyn og teke jamnlege målingar. Situasjonen nå er at det er rørsle i grunnen og at vi derfor stengjer banen av tryggleiksmessige årsakar, seier vedlikehaldssjef i Trafikverket Mitt, Stefan Jonsson.

 Les kva Östersunds-Posten skriv om saka.