Meir til vedlikehald etter budsjettforhandlingar

Etter forhandlingar mellom regjeringsparta og KrF og Venstre er det nå klårt at Jernbaneverket neste år vil få 750 millionar kroner meir enn den raud-grøne regjeringa la opp til.

Som kjend gjekk Høgre og FrP inn for å auke vedlikehaldet med 100 millionar kroner ut over Stoltenberg-regjeringa sitt framlegg. Etter budsjettforhandlingane er det nå klårt at dette vert auka med ytterlegare 650 millionar kroner slik at den totale auken nå blir på 750 millionar.

- Dette er noko vi er veldig nøgde med, sier Venstres Trine Skei Grande til NRK. Pengane skal gå til både vedlikehald og meir planleggjing av nye strekningar neste år.   
Sporfornyelse på Østfoldbanen. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>