Kryssingsspora på Jensrud og Vålåsjø er tekne i bruk

I løpet av juni har Jernbaneverket opna både Jensrud kryssingsspor på Gjøvikbanen og Vålåsjø kryssingsspor på Dovrebanen for trafikk. Spora skal betre kapasiteten på banestrekningane.

Første godstog passerer over det nye Vålåsjø kryssingsspor. Foto: Esad Karahasan
Signal- og sikringsanlegga på dei to spora har i juni blitt testa og kobla til det nasjonale jernbanenettet slik at spora nå er klare til bruk.

Både Gjøvikbanen og Dovrebanen er trafikkbelasta strekningar der kapasiteten for gods- og persontog er på det næraste fullt nytta. Dei nye og lange kryssingsspora er viktige  for å gje ei meir smidig og fleksibel trafikkavvikling for alle typar tog. Kryssingsspora bidreg til at det blir plass til fleire godstog og gjer at det er mogeleg å krysse med opptil 600 meter lange godstog. I tillegg kan Jernbaneverket nytte spora til å redusere forseinkingar ved å flytte kryssingar. Frem til spora vert lagt inn i ruteplanen i desember, vil dei bli bnytta til togkryssing ved uregelmessigheiter i togtrafikken.

Dette er bygd på Jenserud:

  • Eit 856 meter langt kryssingsspor
  • Nytt kontaktleidningsanlegg
  • Nytt signal- og sikringsanlegg
  • Nytt lavspentanlegg
  • Teleanlegg
  • 4,2 km kabelkanalar

Dette er bygd på Vålåsjø:

  • Eit 700 meter langt kryssingsspor
  • Nytt kontaktleidningsanlegg
  • Nytt lavspentanlegg
  • Nytt signal- og sikringsanlegg
  • Teleanlegg
  • Ny veg med undergang for tilgjenge til dei jernbanetekniske anlegga