Ballongar kan stanse toget

Heliumsballongar kan stoppe togtrafikken. Jernbaneverket ynskjer alle ein god 17. mai, og oppfordrar deg til å halde godt tak i ballongen!

Heliumsballongar har i tidlegere år stansa togtrafikken i forbindelse med 17. mai-feiringa. 

- Ballonga høyrer jo med på 17.mai, men for jernbanen kan dei skape problem, seier banesjef Guttorm Moss i Stor-Oslo.  - Vi ber difor om at heliumsballonger ikkje takst med på stasjonane. 

Årsaka til dette er at heliumsballongar normalt er laga i aluminium.  Når ballongen møter køyrestraumen på 16 000 volt blir det overslag, og i dei verste tilfella smelter leidningen. Dette fører til togstans, og reparasjonane kan vere tidkrevjande.

Jernbaneverket ynskjer alle ein god 17. mai,   utan ballong-togstans.