Reknar med å opne Bergensbanen onsdag 16/10

Jernbaneverket si vurdering tilseier nå at Bergensbanen kan opnast att mellom Myrdal og Mjølfjell i løpet av onsdag 16.oktober. Det vert jobba døgeret rundt på rasstaden.

Det er nå lagt ein framdriftsplan som syner at Jernbaneverket skal kunne opne banen for trafikk att i løpet av 16.oktober om ikkje noko uforutsett skulle skje. Dette er framleis ei prognose og ein vil koma med ei ny prognose måndag 14.oktober om opningstigspunkt.

Mesta har sett inn eit fjellreinskelag til i det vanskelege terrenget ved Ørneberget der raset gjekk sist sundag. Dei sikrar fjellet og set inn boltar. Frå  fredag vil ein óg kunne arbeide i sporet samstundes som ein held fram med bolting i fjellveggen, noko som gir betre framdrift i arbeidet. Arbeidet med å byggje opp att banen går føre seg døgnkontinuerleg.

Jernbaneverket og entreprenøren har no teke avgjerd på korleis ein skal byggje nytt fundament under sporet på rasstaden. Rallarvegen forbi staden vart opna att torsdag ettermiddag.

Snart kan ein ta til å byggje nytt fundament for banen i Ørneberget. <strong> Foto: Karl Morten Undal </strong>