Hallenskog vert mellombels opna att

Hallenskog stasjon på Spikkestadbanen vert opna 15. september etter å ha vore lagt ned i nokre månader. Det har Samferdselsdepartementet bestemt.

 Hallenskog stasjon. Foto: Njål Svingheim.

Så lengje Drammenbanen er stengt for oppgraderingar, nyttar toga Askerbanen. Dette gir ein tidsgevinst og rom i ruta til å stogge ved Hallenskog stasjon frem til Drammenbanen vert opna att frå Lysaker til Sandvika.

Hallenskog stasjon blei lagt ned 9. desember 2012 som ein del av innføringa av den nye grunnruta på Austlandet. Nedlegging av stasjonar var ein føresetnad for å kunne innføre den nye grunnruta.