Gjenoppbygginga godt i gang på heile strekninga i Gudbrandsdalen

Det arbeides for full maskin på heile den flomskadde strekninga gjennom Gudbrandsdalen. Skadene er vesentleg større enn under flaumen for to år sidan og nærare 50 store linjebrot må utbetrast.

.

.

.

Det er side-elvene ned dei bratte dalsidene i Gudbrandsdalen som har funne nye elveløp. Desse har så truffe jernbanen på stader utanfor bruer og større stikkrenner, noko som har ført til store utgravingar av jernbanen sitt fundament. Enorme vassmengder har truffe jernbanesporet, ofte etter at midlertidige oppdemmingsr høgare i terrenget har gitt etter, dermed har jernbanens underbygning nærast vortet spyla vekk. – Dette er mange gonger verre enn etter storflaumen for to år sidan, seier oppsynsmann Stig Arild Brenden. Han held på med gjenoppbyggjing av banen forbi Hundorp der skadene er særleg store.

Godt i gang

-Vi er godt i gang med arbeider på heile den 180 kilometer lange strekninga frå Lillehammer til Dombås, fortel fagleg leiar linja på Dovrebanen, Anders Nicolaysen. Tirsdag 28/5 kl 13 opna banen til Lillehammer og Hove litt lenger nord der det er ein godsterminal. 

Vidare nordover er det ikkje mogeleg å seie når vi kan bli ferdige med arbeida, men vi har alt på plass av eigne byggeleiarar, innleide entreprenørar, maskinar og utstyr. Vi har og pakkmaskinar for sporjustering og heile pukktog, så alt er på plass og arbeida går for fullt, seier Nikolaysen. For utan mange stader med setningar og behov for sporjustering, er det i Gudbrandsdalen oppunder 50 store linjebrot der heile jernbanen må byggjast opp att på nytt.    

Både blant Jernbaneverkets folk og entreprenørane leggjes det nå ned ein stor innsats for å gjenopne Dovrebanen frå Hove til Dombås så raskt som mogeleg, men det er på det reine at dette vil ta tid.