Normal trafikkavvikling att på Østfoldbanen etter strømstans

Eit brot i straumforsyninga til signal- og sikringsanlegga på Østfoldbanen frå Kolbotn til Ski fredag morgon, førde til skader på anlegga. Eitt spor opna for trafikk fredag kl. 14.30.

Det var frå Kolbotntil Ski at straumforsyninga frå energiverket forsvann tidleg fredag morgon.  Da straummen kom attende, vart det feil (avbrente komponenter) fleire stader i anlegga. Skadene synte seg dessverre å vere så omfattande at reparasjonsarbeidet og utskiftinga av komponentar tok lang tid.  

Frå klokka 14.30 fredag kunne trafikken gjenopptakast på det eine sporet på delstrekninga som var råka. Litt etter kl. 5 i dag (aurdag) var båe spor i drift, og normal togtrafikk gjenoppretta.