Endrar planlagt arbeid for å halde Rørosbanen open

I helga 8/6 – 9/6 blir Rørosbanen open for trafikk og ikkje stengt for vedlikehaldsarbeid som tidlegere planlagt. Rørosbanen er nå einaste nord-sørforsamband.

Godstog på Rørosbanen mellom Reitan og Glåmos. <strong> Foto: Arvid Bårdstu </strong>

Det er særleg av omsyn til behogodstrafikken at Jernbaneverket nå endrar planane.

Banesjefen på Rørosbanen har bestemt at dei planlagte anleggsarbeida må utsettjast av omsyn til trafikkavviklinga. For tida går det åtte godstog ekstra i døgeret over Rørosbanen, i tillegg til banens ordinære togtrafikk, og det er viktig at dette sambande vert halde ope alle dagar fram til det omfattande arbeidet med å reparere Dovrebanen gjennom Gudbrandsdalen er ferdig.

Også NSB køyrer sine persontog på Rørosbanen som normalt i helga 8/6 – 9/6. Selskapet hadde opphaveleg planlagt ‘Buss for tog’ som følgje av vedlikehaldsarbeida den helga.