Nyttar påska til vårkontroll

Denne påska frå torsdag til søndag, gjer Jernbaneverket sin årlege kontroll på kontaktleidningsanlegget på Alnabru.

Det skal og trekkast ny kontaktleidning i ei sporgruppe.

-Vi gjer det i den stille påskeveka, fordi vi da forstyrrer godstrafikken minst mogeleg, seier anleggsleiar i Jernbaneverket, Geir Flatland.

I tillegg til dette arbeidet skal entreprenøren Intranord sluttføre elektrifiseringa av to spor på langfredag.

Arbeidet som vert gjort vil ikkje få konsekvensar for godstrafikken.