Bergensbanen stengt av ras

Bergensbanen er stengt mellom Mjølfjell og Myrdal stasjonar på grunn av ras. Skadene på banen er omfattande. Banen vil venteleg vere stengt i minst ei veke.

Raset har gått ved Ørneberget i eit bratt og vanskeleg tilgjengeleg område. Mandag føremiddag vart området undersøkt av geolog og sjølve reparasjonsarbeida kunne ta til tirsdag. Det er eit krevjande og stort arbeid som gjerast før trafikken kan takast opp att. Særleg er det sjølve støttemuren som held banen på plass i det bratte terrenget som byr på utfordringar. Denne fundamenteringa er heilt naudsynt for å kunne byggje eit trygt spor.

Det er på det reine at delar av støttemuren som sporet ligg på er øydelagt. I tillegg er spor, kontaktleidning og kabelanlegg skada. Raset kom frå eit område med sikringsnett, men dette har ikkje kunnet halde rasmassane attende.

Bergensbanen vere stengt forbi rasstaden i fleire dagar.

Informasjon om trafikkavviklinga, sjå www.nsb.no

(Oppdatert 9/10 08.50)

Frå rasstaden. <strong> Foto: Kjell Guttorm Ohnstad </strong>