Bergensbanen stengt av ras

Bergensbanen blei sundag kveld 6.oktober stengt på grunn av ras mellom Mjølfjell og Myrdal stasjonar.

Kveldstoga søndag fekk store seiningar som følgje av eit ras ved Ørneberget aust for Mjølfjell stasjon. Eit vestgåande tog som blei ståande utan straum er trekt vidare frå staden med diesellokomotiv fram til Mjølfjell og held framfor eigen maskin til Bergen.

Bergensbanen er stengt inntil vidare. Området må sjekkast av geolog før ryddearbeidet kan starta.

Informasjon om trafikkavviklinga, sjå www.nsb.no