Bergensbanen opna etter raset

Bergensbanen vart opna for trafikk mellom Myrdal og Mjølfjell klokka 13.05 måndag. Banen vart opna to dagar tidlegare enn først venta.

- Vi fann ein raskare måte å byggje opp att fundamentet under sporet på, seier kommunikasjonssjef i Jernbaneverket Sør/Vest Inge Hjertaas. Dermed kunne banen opne frå Myrdal til Mjølfjell to døgn tidlegare enn progonsene frå sist veke la opp til.

- Vi retter ein stor takk til entraprenørane Mesta og Spilde og sjølvsagt til våre eigne folk. Dei har arbeidt hardt både natt og dag, seier Inge Hjertaas. Mesta har drive rassikring og Spilde har jobba med fundamenteringa.

Fundamentet for banen i Ørneberget måtte byggjes opp att. <strong> Foto: Karl Morten Undal </strong>