Bergen stasjon 100 år

Laurdag 25.mai blir det jubileumsmarkering på Bergen stasjon. Stasjonen vart opna 26.mai 1913 og avløyste då Vossebanens gamle stasjon på andre sida av Lille Lungegårdsvann.

Bergen stasjon på tiden ved åpningen. <strong>Foto: Herman Neupert </strong>
Jernbaneverket og NSB er saman om jubileumsmarkeringa på Bergen stasjon. Stasjonen er nå landets einaste med toghall, slik det også tidlegere var på Oslo Ø. Jubileumsmarkeringa inneheld både eit familiearrangement med mellom anna veterantog og og framvisning av NSBs nyeste tog, for utan underhaldning og stands. Arrangementet opnar klokka 12 og vert avslutta med politisk debatt om Bergensbanens framtid i regi av Forum nye Bergensbanen klokka 15.30.

Klokka 21.45 vert ljoset dempa i stasjonshallen og for første gong framførast det opera på Bergen stasjon. Opereaen ‘Bergtatt’ er den dramatiske historia om bygginga av Bergensbanen.

Bergen stasjon i dag. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>