Arbeidshelg på Bergensbanen, Drammenbanen og Sørlandsbanen

Jernbaneverket utfører planlagde forbetringsarbeid på Bergensbanen frå fredag 12.04. kl. 22.30 til søndag 14.04. kl. 07.30. I tillegg skal det gjerast arbeid på Drammenbanen og Sørlandsbanen frå laurdag klokka 21.30 til søndag klokka 09.30.

For å sjå korleis dette verkar inn på ditt tog, sjekk nettsidene til NSB og Flytoget.

 

BERGENSBANEN

Arbeid som skal gjerast i helga:

*Skjenebytte Stanghelle-Dale og på Bolstadøyri stasjon, mogeleg også ved Saghaug. Partivis utskifting av skjener og heilsveising.

*Innlegging av ekstra flomstikkrenne mellom Evanger og Saghaug. Dette er ei ekstra stikkrenne som vert etablert ved ein stad der stormen “Dagmar” gjorde stor skade (sørpeskred 26.12.2011). Målet er å ha ekstra kapasitet som kan ta imot større mengder nedbør og unngå at sporet vert sperra ved ev. nye skred. (Etter “Dagmar” er det også sett opp steinfangnett i dette skredløpet.)

*Synfaring i utvalde tunnelar på Vossebanen i samband med planlegging av nytt naudnett i tunnelar.

*Vaksdal stasjon:

På Vaksdal blir det bygd nye plattformer, og dette arbeidet kan forserast i helga. I tillegg skal spora justerast fredag 12.4. kveld/natt, mellom kl. 21.30 og 01.00, noko som vil medføra ein del støy.

*Stanghelle stasjon:

Også på Stanghelle stasjon er det arbeid med dei to nye plattformene som står på plana. Også her skal spora justerast natt til laurdag, mellom kl. 01.30 og 05.00. 

*Voss stasjon:

Ferdigstilling av ny undergang og av nytt signalanlegg som skal koplast til i løpet av denne helga.

*Det skal bytast komponentar i sporvekslar på fleire stasjonar på Vossebanen, og utførast diverse kontrollar strekningsvis.

*Mellom Hallingskeid og Myrdal skal det utførast kontroll av kontaktleidningsanlegget og noko utbetringsarbeid.

*Ved Svenkerud skal jernbanebrua over RV7 skiftast ut. Det eksisterande betongtrauet skal erstattast med ein stålkonstruksjon med mindre byggjehøgde. Dermed blir ein falskehals på RV7 fjerna, og undergangen kan skiltast med fri høgde 4,7m. Statens Vegvesen er byggherre.

*Mellom Hønefoss og Trolldalen skal det uførast ein del arbeid på elektroanlegga, kontrollar etc.

Sjølv om strekninga er stengd for ordinær togtrafikk, vil det gå arbeidstog i heile helga. Ein må derfor føre seg som normalt ved ferdsel langs sporet. Hugs at det kan kome tog kva tid som helst.

 

DRAMMENBANEN OG SØRLANDSBANEN

Ved Huseby blokkpost (togsignal) i Lier kommune skal Jernbaneverket etablere ei grøft kor ein borerigg skal bore ei kryssing under to spor.

I tillegg fortsett Jernbaneverket kontrollen av naudlysa inne i Lieråstunnelen

. Her skal Jernbaneverket termografere koblingskioskar, noko som er eit ledd i den rutinemessige kontrollen av anlegget for lysa. Jernbaneverket skal også bytte eit sporkryss ved Eriksrud, inne i tunellen.

-Dette krysset har vore i dårleg forfatning, og hadde vi ikkje bytta det no, kunne det ha ført til at toga måtte ha køyrt saktare på strekninga, forklarer sporkoordinator Knut Ole Kristoffersen.

Mellom Hokksund og Kongsberg skal arbeidet med bytte av skjener halde fram. Dette kan du lese meir om her.