Arbeider på lokalstrekninga Sandvika - Asker

I helga frå laurdag 16.mars kl 12.00 til søndag 17.mars kl 12.00 arbeider Jernbaneverket på Drammenbanen mellom Sandvika og Asker. Arbeidene påverker berre lokaltrafikken på denne delstrekninga og toga køyrer som normalt på Askerbanen

 I forbindelse med innføring av ny teknologi for togdeteksjon på Drammenbanen neste år, skal det gjennomførast førebuande arbeider frå 16.mars klokka 12 til same tid 17.mars.

NSB køyrer buss for passasjerar til/frå Slependen, Billingstad, Hvalstad, Vakås og Høn. Meir informasjon kan du få på  www.nsb.no