Opna etter avsporing ved Kvam

Dovrebanen opna torsdag 25. juli kl 0645 frå Kvam til Sjoa. Strekninga har vore stengt for omfattande reparasjonar etter ei avsporing måndag 22. juli.

Passasjerar bør sjekke www.nsb.no for meir informasjon om togtrafikken i morgentimane.

Det var eit tomt godstog med tømmervogner som spora av måndag 22. juli ved 15-tida. Føraren blei ikkje skadd i hendinga, men 9 vogner spora av.

Dovrebanen fekk skader over fleire hundre meter, og enkelte master som held kontaktleidninga oppe velta.

Etter at Statens Havarikommisjon og Jernbaneverket si eige undersøkingseining gjorde sine undersøkingar av skadestaden måtte dei avspora vognene løftast attende på skinnegangen og flyttast før reparasjonane kunne teke til.

Skadene på Dovrebanen var omfattende etter avsporingen. Foto: Per Åge Noet/ Jernbaneverket.