Togtrafikken i gang att etter sambandsfeilen

Klokken 11.30 kom togtrafikken i gang att på alle banestrekninger. All trafikk hadde da stått stille sidan klokka 09 på grunn av sambandsfeil.

(Oppdatert melding kl 11.35)

Feilen som førde til at all kommunikasjon mellom tog og trafikkleing var falt ut blei retta klokka 11.30. Trafikken kom straks i gang att på alle banar. Det vil vere ein del forseinkingar inntil toga kjem i rett posisjonatt på dei ulike strekningane.

Feilen førde til at det ikkje var mogeleg å få samband mellom tog og trafikkleiing. Toga blei køyrd til næraste jernbanestasjon og måtte bli ståande inntil feilen var retta. Alle tilgjengelege ressursar blei sett inn for å finne og utbetre feilen.

Jernbaneverkets sambandssystem er bygd opp med såkalla redundans (back-up), men i dette høvet førde feilen til at også back-up-systemet svikta.

Det går og føre eit omfattande prosjekt for å byggje større robustheit inn i jernbanens sambandssystem, GSM-R. Dette vil vere fullt utbygd i 2015.