18,3 millionar tonn malm i 2012

I fjoråret blei det transportert heile 18,3 millionar tonn malm med Ofotbanen. Dette er det høgaste nivået sidan 1980.

 
Malmtog på veg nedover mot Narvik. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>

I transportstatistikken for Ofotbanen må vi heilt attende til 1980, altså 33 år, for å finne like høge tall som i 2012. – I 1980 blei det frakta 19,3 millionar tonn malm med banen, men vi må attende til 1973 for å finne rekorden så langt med 22,6 millioner tonn malm, fortel banesjef Thor Brækkan.

Veksten fortsetter
I 2013 kjemr det nye selskapet Northland Resources  i ordinær drift. -Vi rekner med at malmtransporten på Ofotbanen i år vil bli på ca 20 millionar tonn og at vi i 2014 kjem til å passere rekorden frå 1973, seier Brækkan.  Auken er venta å vare ved og i 2015 er prognosane på heile 32 millioner tonn for LKAB og NRAB (Northland) til saman.  Allereie i 2020 ventes trafikken å nå helit opp i 40 millionar tonn malm, og denne utviklinga er  årsaka til at Jernbaneverket nå held på med ei dobbeltsporutgreing for Ofotbanen. Trafikkprognosane set føre at kapasiteten byggjast kraftig ut på Ofotbanen de næraste åra.

Jernbaneverket har ein målestasjon på Haugfjell som registrerer den totale belastninga på banen. Da kjem også sjølve vekta av malmtoga og dei andre toga fram. Denne oversikten syner at banens totalbelastning i 2012 var på 30,3 millionar tonn (bruttotonn) fordelt på 1,8 millionar hjulakslar.

Faktisk passerte det om lag like mange hjulakslar på Haugfjell som på kvart av spora i Oslotunnelen i løpet av året. Eitt enkelt malmtog bidreg med hele 284 hjulakslar..