-Godstrafikken skal fram!

Jernbaneverket går nå saman med transportørane for å finne fram til eit meir robust transportopplegg for containertrafikken. -Fleire tiltak er aktuelle samstundes som det alltid er viktigast med pålitelege banar, seier leiar for terminaleininga, Kjell Ivar Maudal.

Containergodstog ved Kvam i Gudbrandsdalen. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>
Terminaleininga i Jernbaneverket er godstrafikkens og godsoperatørane sitt talerøyr og nå vert det jobba aktivt med å få til eit godt samarbeid med aktørane i bransjen for å lage meir robuste transportopplegg.

-Vi har gjennom dei siste åra sett at det er naudsynt å kome opp med planar for å handtere langvarige brudd på hovudstrekningane våre, seier lear av terminaleininga Kjell Ivar Maudal.  Særleg har trafikken nordover mot Trondheim møtt store problem i samband med ras og flaum på Dovrebanen. –Det går store trafikkstraumar frå Austlandet til Trøndelag, og når vi får brot på jernbanesambandet fører dette til store problem, mange utfordringar og økonomiske tap for godsaktørane, seier Maudal.

-Også for dei andre hovudstrekningane sin del er det heilt naudsynt nå å lage nye opplegg for å handtere driftsavvik på en beire måte enn før, seier Maudal.

Tidskritisk

Den typen gods som i stor grad vert sendt på jernbane er av ein slik art at det ikke tålast særlege forseiningar. Containerane og semihengjarane på godstoga tåler rett og slett ikkje forseiningar. Dagens godstrafikk og logistikk leggjast opp etter ‘just in time’-prinsippet og når godstoga kjem fram til terminalen så står trailerane klare til å ta containeren eller semihengjaren direkte vidare til mottakaradressa. –Det er enkelt å tenkje seg hvilke problem forseiningane då dreg med seg, seier Yngve Andreassen som jobber tett opp mot godstogselskapa og logistikkselskapa. –Når 20-30 vogntog står og ventar på forseinka godstog, så løper kostnadane fort på. Varene skal raskast mogeleg ut i butikkane og store verdiar står på spel, dirfor er pålitelegheit nøkkelordet for at jernbanen skal vere eit seriøst alternativ. –Ein robust og påliteleg infrastruktur er difor vår oppgåve nummer ein, sier Andreassen.Leder for terminalenheten i Jernbaneverket, Kjell Ivar Maudal (tv) og Yngve Andreassen jobber nå sammen med bransjen for bedre håndtering av driftsavvik i godstrafikken.

Tett samarbeid

Røynda i dagens jernbane-Norge er likevel slik at vi må rekne med stengte banar frå tid til anna. –Det jobbast nå planmessig og godt for å betre Dovrebanen, og det same gjeld på dei andre banane, men dette vil ikkje vere nok til å gje garantiar mot brot, seier Maudal. Difor arbeider vi nå i tett samarbeid med togselskapa og transportbrukarane med å lage alternative opplegg som kan takast fram ved brot på hovudstrekningane. Målet er å ha ‘naud-ruter’ som relativt enkelt kansetjast i verk ved brot på dei ulike banane.

Beredskapsruter og undervegs-terminalar

-Vi har kome eit godt stykkje på veg med dette når det gjeld Dovrebanen. Der har vi nå fått til ruter for godstog gjennom Østerdalen, men vi må sjå på om desse beredskapsrutene kan bli betre og tilpassast annan trafikk betre. Det kan óg tenkast at godstrafikken bør få høgste prioritet ved slike avvik og at persontoga for eksempel kan få justerte ruter i  spesielle høve. Dette må vi diskutere vidare. – Vi jobber óg med å få til beredskapsterminalar under vegs på dei lange strekningane. For eksempel er det meiningslaust å køyre all godstrafikk mellom Oslo og Trondheim på bil ved eit brot på banen mellom Støren og Trondheim. Då kan vi leggje til rette for å laste av og på tog på Støren og slik halde transportane på tog det meste av strekninga likevel. –Vi skal nå lage ein plan for hvilke stader langs hovudstrekningane vi skal lage slike beredskapsterminalar, seier Kjell Ivar Maudal.  Eit anna eksempel er gods til og frå Stavanger, som kan takast av og på tog på Langemyr i Kristiansand ved brot på Sørlandsbanen. Målet er å oppretthalde så mykje som mogeøeg av transporten på skjener, også ved avvik.

Med i arbeidsgruppa som nå ser på dette er aktørar som DB Shenker, Bring, Posten, Tollpost, CargoNet, Cargolink og fleire einingar internt i Jernbaneverket. Det skal setjast av 150 millionar kroner til arbeidet med beredskapsterminalar og –opplegg dei komande fire årea.

Dei verkeleg store godsmengdene på jernbane er kombitrafikken, seier Kjell Ivar Maudal. Denne trafikken er svært viktig for næringslivet og sjølvsagt óg for oss i Jernbaneverket. Difor prioriterer vi nå desse tiltaka høgt. I tillegg jobbast det med tilretteleggjing for den stadig aukande tømmertrafikken. –Generelt er kapasitet ei aukande utfordring, også etter kvartsom persontrafikken på Austlandet stadig stiger, seier Maudal.