Siste plattform ut på Bergensbanen

Fornyinga av Vaksdal stasjon har starta som det siste i rekkja av plattformprosjekt på Bergensbanen i 2012

 Vaksdal stasjon skal få nye plattformer. <strong> Foto: Njål Svingheim </strong>

Lengre og høgare plattformer på andre stasjonar på strekninga står på planen først i 2015 og 2019.  

Full omleggjing av stasjonen
På Vaksdal byggjer Jernbaneverket nå ei helt ny plattform for tog austover. Området kring stasjonen er bratt og bebyggelsen ligg tett ned mot jernbanelinja. Eitt av dei næraste husa må derfor rivast for å gje plass til adkomstvei til den nye plattforma.

Augar tryggleikenNabomøte: Prosjektleder Jon Roti (foran) og byggeleder Espen Berntzen fra Jernbaneverket informerte naboer på Vaksdal om byggearbeidene <strong>Foto: Ingvild Eikeland</strong>
Med ny plattform blir togtrafikken gjennom stasjonen retningsstyrd, og det vil ikkje lenger vere audsynt for dei reisande å kryssa jernbanesporet. Dette vil auke tryggleikenfor passasjerane som i dag må passere motgåande spor for å kome til og frå mellomplattforma på stasjonen. Når den nye plattforma står klår kring årsskiftet, vil mellomplattforma bli fjerna.

 

Dagens hovudplattform skal og byggjast om og bli både høgare og lengre. Med til prosjektet høyrer og opprusting av publikumsareala med mellom ann nye benkar, venteskur og betre lys. Kontaktleidningsanlegget på stasjonen skal og skiftast ut.

Hovudentreprenøren i prosjektet, O.L. Kythe, er lokalisert på Voss, medan kontaktleidningsarbeidet vert utført av SPL Powerlines Norway AS i Oslo som er eit internasjonalt selskap med hovudkontor i Wien.

Engasjerte naboar
Allereie tidleg i august inviterte Jernbaneverket naboar og andre interesserte til informasjonsmøte om byggjeprosjektet på stasjonen. Informasjonen gjekk og motsatt veg, med opplysningar frå dei frammøtte om lokale tilhøve som mellom anna skoleveg og leidningsnett.   

Entreprenørene på Vaksdal (fra venstre): Arne Rød og Lars Eriksson i SPL Powerlines Norway AS, og Nils D. Dregelid i O.L.Kythe er engasjert av Jernbaneverket til plattformprosjektet på Vaksdal stasjon