Tek vare på bygningane langs Tinnosbanen

Jernbaneverket tek nå vare på stasjonsbygningane og andre bygningar langs den freda Tinnosbanen frå Notodden til Tinnoset. Først ut er seks bygningar på Tinnoset stasjon.

Fv: prosjektleiar Ingebjørg Seland Bjørgum, tømrermeister Geir Skarsten, seniorrådgjevar Kjartan Kvernsveen i Jernbaneverket og Ingvild Tjønneland frå Telemark Fylkeskommune foran uthus- og privetbygningen på Tinnoset som er ferdig restaurert.  <strong> Alle foto: Njål Svingheim </strong>

   
-Det gjer godt å sjå at vi får gjort noko med dette, seier prosjektleiar Ingebjørg Seland Bjørgum. Baneområde Drammen- og Vestfoldbanen, som Tinnosbanen sorterer under i Jernbaneverket, følgjer forskrifta om freding av banen gjennom å stoppe forfallet av bygningsmassa langs den freda strekninga frå Notodden opp til Tinnoset.

Midla som vert nytta til dette kjem frå pengar som opphaveleg var sett av til reparasjon av banens kontaktleidning og frå midlar frå Jernbaneverket sitt kulturminnebudsjett. – For å reparere kontaktleidningsanlegget så må vi opp i heilt andre summar enn vi først trudde, seier Bjørgum. Ikkje berre er store delar av anlegget stole, vandalisert og øydelagt, mange av mastene må og skiftast ut. Derfor fann vi at det på kort sikt var meir fornuftig å ta vare på bygningsmassa langs banen. Dette er Kjartan Kvernsveen  som jobbar med kulturminnevern i jernbaneverket heilt samd i. –Bygningsmassa er ein viktig del av heilheta langs jernbanestrekningane og det er derfor veldig viktig å ta vare på dei for å kunne vise eit helskapeleg anlegg, seier han.

 Tinnoset stasjonsbygning er i lafta tømmer og frå 1909.

Tinnoset stasjon

På Tinnoset stasjon tok arbeida til oktober. Først ut var stasjonsbygningen. Den kjøpte Jernbaneverket tilbake etter at den stolte gamle bygningen frå 1909 hadde vore i privat eige i nokre år. I alt er det seks bygningar på Tinnoset stasjon, for uten ein del bygningar langs strekningen frå Notodden til Tinnoset som nå vert restaurert.

Stasjonsbygningen på Tinnoset er i lafta tømmer og er i god stand. Nå har den fått nye takrennenedløp, puss av pipe og generelt vedlikehald. Langt verre sto det til med dei andre bygningane på stasjonsområdet. Uthusbygninga med toaletter og lagringsrom var prega av råteskader, knuste vindauge og dårleg tak. Bygninga er nå ferdig reparert med nylaga panel av original type og dører som er spesiallaga. Huset har og fått tilbake straumen, slik at det no syner seg som ein bygning i bruk. Nymalt og fin er den også.

 Vidare er det utført og går føre seg omfattande reparasjonsarbeider av ei vedbu, ei dressinbu, ei telefonbu og eit signalskåp. – Meist arbeid er det med baneavdelingen si kvilebu, fortel tømrermeister Geir Skarsten. Her var det store råteskader, hol i taket og i golvet og ingen heile vindauge. Kvilebua hadde nok ikkje stått særleg lenge før den hadde falle saman, seier han. Nå blir ho redda for etttertida og vil inngå eit komplett stasjonsanlegg på Tinnoset.

På resten av banestrekninga omfattar bygningsrestaureringa ei rekkje haldeplasskur og dressinbuer. Arbeida vil gå føre seg også neste år. Tidlegare har vi her på nettsidene fortald om restaureringa av Jernbaneverket sine stasjonsbygningar på Darbu og på Meheia.Stasjonens uthus og privetbygning, ferdig restaurert.

Baneavdelinga si kvilebu vert redda i 12.time. 

Dressinbu og telefonbu under arbeid.

Slik var det

Produksjonen av kunstgjødsel på Hydros fabrikker tok slutt sommaren 1991. Da opphørte også behovet for Rjukanbanen, Tinnosbanen og fergetrafikken på Tinnsjøen. Her er eit bilde frå våren 1991, der vogner med mellom anna kunstgjødselblir trekt i land på Tinnoset frå ferja 'Storegut'.

Fergeskifting på Tinnoset i april 1991.