Ruteplanen bak kulissane

Ved ei så stor ruteendring som nå i desember, blir det lagt ned eit stort arbeid som knapt er synleg for nokon. Mellom anna må aksjonskorta stokkast og delast ut på nytt.

Toglederne Arvid Loeng (t.v.) og Åge Andreassen har lagt ned et stort arbeid med å tilpasse aksjonskortene i Oslo-området med den nye grunnrutemodellen. 

 Aksjonskort blir brukt når det oppstår avvik i togavviklinga frå Drammen, Eidsvoll og Ski til Oslo. Aksjonskorta er ein plan som vert sett i verk alt etter kor eit problem som begrenser kapasiteten oppstår. Når togleiaren gjev  beskjed om at eitt av dei totalt 47 aksjonskorta skal setjast i verk, veit togselskapa og toginformatørane hvilke tog som skal få køyre og hvilke som må innstillast på strekninga.

Eitt eksempel: Hvis det berre er eitt spor som kan nyttast frå Skøyen til Nationaltheatret, skal nokre tog stoppe og snu på Oslo S, nokre skal stoppe og snu på Skøyen, på Asker eller i Drammen medan nokre skal få køyre gjennom.  

Komplisert
Hvis det er eitt område uttrykket “alt henger saman med alt” passer, så er det på jernbanen. Her blir alt svært innvikla når noko skjer og toga ikkje kan køyre etter si oppsette rute. Aksjonskorta bidreg til å skape oversyn over kor så vel togsett som personale er hen. 

- Det har vore ei stor utfordring. Jo fleire tog som skal køyres, jo meir komplisert blir det, forklarer togleiar Åge Andreassen. Saman med kollega Arvid Loeng har han brukt mykje tid i sommar og haust på å lage aksjonskort tilpassa dei nye rutene.

Opplegget med aksjonskort og planar for  trafikkavviklinga når det er ein avvikssituasjon gjer det og enklare å kome tilbake til normal drift att når situasjonen er løyst.

Infoutfordring
Når det skjer avvik i trafikkavviklinga, får toginformatørane det ekstra travelt.

- Mange har togtidene som gjeld i dag i ryggmargen. Nå må vi tenkje nye togtider og nye stoppmønster. I det daglege går mykje på det ein hugsar, seier Karianne Back i Trafikk Kunde- og trafikkinformasjon. Saman med kollega Tone Jeanette Sandlie har ho vore med på å laga ein heilt ny infoplan for aksjonskorta.

Innan det området toginformatørene på Oslo S skal dekkje, er det 91 stoppestader. Ein og same toginformatør har til tider ansvar for å handtere 49 stasjoner og haldeplassar.

- Toginformatørane styrer informasjon både til nett, høyttalar og monitorar. Det betyr mykje manuelt arbeid med tasting, forklarer Back.

Tone Jeanette Sandlie (t.v.) og Karianne Back diskuterer toginformasjon etter ny ruteplan med toginformatør Jan Ketil Ryggvik.