Rapport om kjøp av sviller til Oslotunnelen

Jernbaneverket har nå motteke ein rapport frå Deloitte som har kartlagt den interne prosessen i Jernbaneverket ved innkjøp av sviller til Oslo-prosjektet sommaren 2012.

(Foto: Øystein Grue)
Bakgrunnen for at skjenner og sviller ikkje kunne skiftast ut i sommar, var at Osloprosjektet fekk levert sviller med ei ny type befesting for skjenene. Endringa av befestinga blei oppfattet som liten, men førde til at ein ikkje kunne nytte det utstyret som var planlagt brukt til å løfte svillene etter innfestinga og til å løsne og feste skjenene frå svillene. I avtala med entreprenøren var detlagt til grunn bruk av sviller med gamal type befesting, og arbeidet var planlagt gjennomført med produksjonsutstyr tilpassa dette. Da dette blei oppdaga, var det for kort tid til å skaffe nytt utstyr og teste ut dette.

Jernbaneverket valde derfor å utsettja utskiftinga av skjener og sviller i tunnelen. Dette arbeidet vil nå bli gjort isamband med anna planlagt vedlikehaldsarbeid, utan at det er naudsynt med ei langvarig stengeperiode. Svillene som ligg i tunnelen i dag har ei restlevetid på meir enn ti år.

Rapporten frå Deloitte peikar på at svakheiter i informasjonsflyten mellom ulike einingar internt  i Jernbaneverket er årsaka til at situasjonen oppsto.

Jernbaneverket vil nå gå grundig gjenom rapporten og  vurdere anbefalingane til betring av rutiner.