Betre pendlerparkering på Hamar

Jernbaneverket har i løpet av hausten gjort ei grundig oppgradering av pendlerparkeringa på Hamar stasjon. – Nå har det blitt langt betre å parkere for Hamarpendlerane, asier stasjonsansvarleg Kamran Nikazm.

Oppgraderinga har kosta om lag 2,6 millionar kroner. Tidlegere hadde parkeringsplassen tre ulike høgdenivå. Det var tilløp til parkeringskaos fordi det var mogeleg å parkere utanom oppmerka plasser.


- Vi har planert, asfaltert og merka opp nye plasser, seier Nikazm. – Dette har og gjeve rom for at antall plasser har auka med om lag 20 %. Nå har vi 88 plasser på parkeringa.


På kvar side av parkeringsplassen er det bygd fortau slik at pendlerane kan gå trygt frå bilen til toget. – At folk slipper å gå mellom bilane forbetrer trafikktryggleiken på parkeringsplassen, seier Nikazm.

Nå kan Hamarpendlerne bevege seg trygt mellom tog og bil på brede fortau, selv på mørke vinterdager. Foto: Trude Isaksen/ Jernbaneverket.